top of page

11

Til sals

Kongsvik

BRA i m2

129

Soverom

4

Etasjar

2

«Kongsvik» er ein moderne, kompakt og vedlikehaldsvenleg einebustad over to plan. Med store vindaugsflater og moderne preg, er den ideell for sunnmørslandskapet.

Lys einebustad tilpassa for eit liv i forandring
Første etasje har ein romsleg entrè med moglegheit for klesoppheng og garderobeskap. For å utnytte plassen, finst det også løysingar for garderobe, bod eller kontor under trappa. Avhengig av om du ynskjer å gå for ei løysing med hybelleiligheit, har du to eller tre soverom og bad med opplegg for vaskemaskin og tørketrommel. Ynskjer du ikkje hybel, er det mogleg å tilpasse etasjen med litt større eller til og med eit ekstra soverom.

I andre etasje kjem du opp i ei flott stove med ope kjøkenløysing, store vindaugsflater og god takhøgde. I denne etasjen finn du også eit romsleg «master»-soverom og stort bad med opplegg for vaskemaskin og tørketrommel.

Flotte solforhold og utsikt
Frå kjøkenet er det utgang til ein stor vestvendt terrasse over garasjen. Her kan du nyte sola og utsikta mot fjord og fjell. Husa er skråstilte på tomta, slik at alle bustadane skal få tilgang til sola og få minimalt med innsyn frå naboen.

Prisantyding

5.400.000,-

Planteikning

Bilete av bustaden

bottom of page