top of page

25

Til sals

Selnes C

BRA i m2

131

Soverom

4

Etasjar

2

«Selnes» er ein moderne, kompakt og vedlikhaldsvenleg tomannsbustad over to plan. Med fire gode soverom kan bustaden huse din familie gjennom mange livsfasar.


Ein praktisk familiebustad med rom for tilpassing

Innanfor inngangsdøra kjem du inn til ein romsleg hall med moglegheit for skyvedørsgarderobe. I enden av denne gangen er det lagt opp til eit lite fellesareal for soveroma. Denne «avdelinga» kan eventuelt skjermast frå resten av huset med dør. I etasjen finn du også tre gode soverom og eige bad med opplegg for vaskemaskin og tørketrommel. Det tekniske har ei eiga bod rett ved badet, og det er også ei bod for ekstra oppbevaring i denne etasjen.

I andre etasje finn du «master»-soverommet med eiga garderobe. Badet har også her moglegheit for opplegg til vaskemaskin og tørketrommel om det er ynskjeleg. Frå stova er det utgang til balkong der ein kan nyte utsikta mot fjord og fjell.


Tomannsbustaden får ei utvendig sportsbod – praktisk til oppbevaring av syklar og hagereiskap. I tillegg får du eigen carport og parkeringsplass nær bustaden.

Prisantyding

4.900.000,-

Planteikning

Bilete av bustaden

bottom of page