Om nærområdet

Om området
15-minutts-byen er byplanleggarane sin ferske draum og storbyar verda over prøver å gi innbyggarane det dei treng i kvardagen berre nokre minutt i gåavstand frå der dei bur.
Hareid vil aldri bli ein 15-minutts-by, men 5-minuttsbygda, det er vi - rett nok ved hjelp av bil innimellom.

5-minuttsbygda
-
Går ungane på skule? Det held at dei kjem seg ut døra 5 på skulestart!
-
Skal du trene? Treningssenter, idrettsanlegg og symjehall er 5 minutt unna!
-
Glad i kort veg til jobb? Innan 5 minutt er du i gang med arbeidsoppgåvene hjå ein av dei mange flotte arbeidsgivarane i Hareid!
-
Strandløve? 5 minutt er tida du treng på å kome deg til den flottaste stranda på Sunnmøre!
Sjølvsagt vil avstand til Hareid sentrum påverke tidsbruk, men Hareid kommune er ein komprimert kommune med berre 10 minutt frå alle ytterkantar og inn til sentrum.

I sentrum på Sunnmøre
Hareidlandet har eit enormt tal på turstiar, både bratt og slakt, og etter ein tur på ein av desse, kan du ta deg eit sjøbad og ein tur i saunaen midt i sentrum.
Det vert sagt om Hareid at vi ligg «i sentrum på Sunnmøre» og det er vi heilt einige i! Det er nemleg heller ikkje langt til andre sentrum. Ulstein sentrum er 15 minutt unna, Ålesund 25 med hurtigbåt, Moa 40 med ferje og bil, Fosnavåg 40 og Volda og Ørsta 45.
Heilt overkomeleg tidsbruk til kvardags, og ikkje meir enn det mange Oslo-folk brukar for å kome seg til og frå jobb.
Om du vil besøke nemnde Oslo-folk, er det forresten under timen frå døra di på Hareid til gaten både på Ålesund lufthamn og Ørsta-Volda lufthamn.